Fiskerifagleg rådgjevar

Fiskeridirektoratet skal fremje lønsam og verdiskapande næringsaktivitet gjennom berekraftig og brukarretta forvalting av marine ressursar og marint miljø.

Etaten har nært samarbeid med forskingsinstitusjonar, næring og andre offentlege styremakter nasjonalt og internasjonalt. Fiskeridirektoratet har om lag 450 tilsette, der i overkant av halvparten arbeider i etaten sine fem regionar og den resterande delen ved hovudkontoret i Bergen.

Utfordrande stilling i skjæringa mellom ulike styresmakter, fiskeri, forskning og andre interessegrupper

Fiskerifagleg rådgjevar - fast stilling som rådgjevar/seniorrådgjevar ved Ressursavdelinga-Utviklingsseksjonen - mrk. 22/17.

Ressursavdelinga-Utviklingsseksjonen har ansvaret for fiskerifagleg rådgjeving. Oppgåvene omfattar utvikling av ei berekraftig fiskeriforvaltning, rettleiing i samband med praktisk fiske, fiskerifaglege innspel i samband med konkurrerande bruk av havet, marine spørsmål, miljø- og klimarelatert forvaltning.

Arbeidsoppgåver:

  • Initiere og gjennomføre fiskerifaglege forvaltningsprosjekt
  • Ivareta fangst- og fiskeriinteresser i høve til anna næringsverksemd
  • Utstrakt kontakt med forskningsmiljø, næringsaktører og andre offentlege etatar
  • Planlegge og gjennomføre tokt
  • Fiskerifagleg rådgjeving i samband med forhandlingar og oppfølging av fiskeriavtalar
  • Fiskerifagleg kunnskapsformidling internt i etaten og mot private- og andre offentlege aktørar
  • Som fiskerifagleg rådgjevar vil både oppgåver og arbeidsform omfatte saksbehandling, møteverksemd og prosjektaktivitet på sjø og land. Ein del reiseverksemd på påreknast.

Kvalifikasjonar:

  • Fiskerifagleg og/eller nautisk utdanning
  • Praktisk fiskerifagleg bakgrunn relatert til kunnskap om- og håndtering av fiskeredskap eller skipper/ styrmann
  • Kjennskap til eller røynsle med torsketrål, reketrål, snurrevad og kystfiske kan verte vektlagt
  • Annan maritim bakgrunn kan verte vurdert
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne
  • Kunne inngå i seksjonen si toktverksemd

Personlege eigenskapar:

  • Vere nytenkjande
  • Like utfordringar
  • Evner å arbeide sjølvstendig og saman med andre
  • Evne å etablere og vedlikehalde gode sosiale og faglege relasjonar

Søkjar:
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i folkesetnaden. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetnad og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn.

Løn:
Stillinga er løna som rådgjevar etter staten sitt regulativ frå brutto kr. 512.700,- per år avhengig av utdanning og tidlegare praksis. Søkjar med særleg gode kvalifikasjonar kan bli tilsett som seniorrådgjevar og lønast inntil kr. 588.100,- per år. Frå brutto løn vert det trekt 2% for lovfesta medlemskap i Statens pensjonskasse.

I tillegg til ordinær løn kjem toktgodtgjærsle, samt at ein i samband med toktverksemda opparbeider tid som gjev høve til avspassering.

Om stillinga:
For nærare opplysningar om stillinga kontakt seksjonssjef Anne Kjos Veim tlf: 468 12 471 eller seniorrådgjevar Robert Misund tlf: 986 57 387.

Firma
Fiskeridirektoratet

Sted
Bergen

Publisert
13.03.2017

Søknadsfrist
02.03.20175

Kontakt
Anne Kjos Veim
468 12 471

Kontakt
Robert Misund
986 57 387

Kvalitet over kvantitet - reduser mengden irrelevante søknader samtidig som du øker sjansen for å finne den rette kandidaten med de rette kvalifikasjonene. Ved å annonsere på intrafish.no kan du spare tid og krefter på din rekrutteringsprosess.

Hvorfor kan du spare tid? Våre lesere er seriøse, erfarne kandidater innen sjømatindustrien som holder seg oppdatert på bransjenytt og som har en lidenskap for bransjen. Ved å annonsere hos IntraFish Media har du størst sjanse for å nå søkere innen sjømat. Våre lesere består av ledere og beslutningstakere samt mennesker fra alle nivåer og sektorer innen næringen.

Du kan booke annonser i dag - stillingsannonser på IntraFish er meget godt lest, året rundt. Vennligst kontakt oss på eller ring oss på telefon: +47 55 21 33 00.